The Writings of Israel Shamir
Home
Arabic Articles
French Articles
Hungarian Articles
Italian Articles
Norwegian Articles
Polish Articles
Russian Articles
Spanish Articles
Turkish Articles
Friends and Foes
Talmud Translated
Discussion Board
Feedback Form
Picture Gallery 
Search
Donations
Site Map
Links
Contact

 
 
 
 
 
 
 
 

 

Til ein viss grad

(Tale av Israel Shamirs på UNESCO-konferansen "Å få fakta på plass".)

Medieverda vart glimrande skildra i Evelyn Waughs roman "Scoopet". Sjølv om hendingane i boka stort sett utspelar seg i Afrika, plukkar vi ut ei scene frå Fleet Street. På kontoret til lord Copper, eigaren av Daily Beast, sit mediebaronen og utanriksredaktøren hans. Innimellom kjem lord Copper med spørsmål: Er Yokohama hovudstaden i Japen? Er Hong Kong vårt? Utanriksredaktøren har to sikre svar. Når lord Copper har rett, svarar han "definitivt, lord Copper". Når han er på jordet, svarar han "til ein viss grad, lord Copper". Frå "definitivt" til "til ein viss grad" - det er spennet i hovudstraumen av nyhendeproduksjon i media. Vi journalistar er ikkje uavhengige. Vi vil gjerne vera ærlege og oppriktige, men må tenkja på huslånet og jobben. Om vi går over grensene eigarane set, blir vi nøydde til å sjå oss om etter anna arbeid.

Når det gjeld Palestina, er dette lovlege spennet lite. Eg vil hevda at grensene er parallelle med det interne spennet i jødisk, israelsk politikk, frå Meretz til Sharon. Om vi samanliknar med Sør-Afrika før Mandela er dette det same som kvit politisk tenkjing frå Nasjonalistane til Progressive, ikkje inkludert ANC. I mine auge er desse råmene eksklusive på grensa til rasisme. Føresetnaden som ikkje blir diskutert er at den jødiske dominansen i Palestina skal halda fram. Det er ikkje noko mål at dei opprinnelege innbyggjarane skal få like rettar, ikkje eingong garantiar om ei trygg framtid. Du kan stø skiping av palestinske reservat, og såleis plassera deg i den "liberale" leiren. Eller du kan stø masseutvising og etnisk reinsing, og bli kalt "hauk". Det er alt som er lov å seia - mellom desse grensene går det etablerte ordskiftet. Alle som kryssar grensene og stør like rettar før jøde og ikkje-jøde i det heilage landet vil oppdaga at dei har kome ut i øydemarka. Røysta di vil bli kvalt, kan henda for godt.

Eg har sjølv fyrstehands røynsler med dette. Eg bur i Jaffa, ein by med blanda folkesetnad. I byen bur palestinarar, marokkanarar, israelske ashkenazijødar, russarar - og vi bur saman nokså harmonisk. Men mange folk som vart fødde i Jaffa bur i flyktningeleirar og har ikkje lov til å koma tilbake berre på grunn av religion og etnisitet. Eg meiner det er moralsk umogleg å forsvara at ein jøde frå New York, Paris eller Novosibirsk som meg sjølv kan busetja seg i Jaffa når han vil, medan ein som er fødd og oppvaksen her ikkje får lov til å koma heim. Eg tok til orde for at palestinske flyktningar skulle få lov til å venda heim i Haaretz, den mest liberale israelske avisa, og mista jobben straks.

Ein ting er veldig spesielt med dekkinga av det som skjer i Palestina. Det er utvikla eit heilt særeige vokabular for dekninga. Om eg drep Ahmad, vil det koma meldingar om at "Ahmad vart drepe av ein israelar". Men skulle - Gud forby - Ahmad drepa meg, ville det bli opplyst at "ein jøde har vorte myrda". 

Som med Dr. Jeckyll og Mr. Hyde kan ein israelar drepa, men om han blir drepen blir han forvandla til ein jøde. Det er absolutt forbode å snakka om jødiske drap og brotsverk. Jødane er evige offer. Det ser ofte ut som vi har tre nasjonar i Palestina: Jødar, israelarar og palestinarar. Israelarar kan stå bak kriminelle handlingar, men det er uskuldige - alltid uskuldige - jødar som blir myrda. Om du tek feil av desse orda og referer til mordaren som "jøde", vil du verta stempla som antisemitt og truleg mista jobben.

Det skulle ikkje vera alt for vanskeleg å skriva om det som skjer hjå oss. Det er ikkje så komplisert som det som skjer andre stader med konflikter av verdsinteresse. Retten til nasjonal sjølvråderett inkludert autonomi eller sjølvstende er ikkje nokon enkel rett å realisera, som korsikanarane kan fortelja deg om. Palestina burde vera enklare å dekka: Det er ikkje eit spørsmål om nasjonal sjølvråderett, men om grunnleggjande menneskerettar. Kosovo? I Kosovo vart albanarane diskriminert og forfølgt av serbiske styresmakter, men dei hadde alltid teknisk sett rett til å røysta og den jugoslaviske regjeringa trekte aldri tilbake statsborgarskapen deira. Dei var andreklasses borgarar langt frå maktsentrum - men likevel borgarar. Kurdarar i Tyrkia? Dei kan også røysta.

Å dekka det som skjer i Palestina skulle såleis vera enklare, men er det ikkje. Ein journalist kan skriva og snakka om marginale problem, som dei jødiske setlarane bortom den grøne lina. Men den grunnleggjande maktstrukturen som sikrar jødisk dominans i Palestina er det ikkje mogleg å reisa spørsmål ved. Vi har ikkje lov til å seia noko om at palestinarane ikkje har røysterett, ikkje rett til å flytta til andre delar av landet sitt og ingen rett til å venda heim til det einaste landet dei nokon gong har kjent.

Slik eg ser det er årsakene til media si skeivdekking av palestinarane svært viktige. Dei fortel svært mykje om maktstrukturane i USA og Europa. Dei gjev oss unik tilbakemelding frå den løynde verda til mediemagnatane. Likeeins om korleis "establishmentet" innanfor journalistikken held seg unna denne verdfulle tilbakemeldinga. Dei er alltid for opptekne av å skriva "definitivt".

Årsaken til skeivdekkinga er openberr. Alt for mange av mediemagnatane deler ideen om at jødane er meir verdt, og desse medieeigarane er spreidde over heile kloden. I England har du Conrad Black, han eig faktisk mange avisar i Canada, USA og Israel. I vårt land eig han The Jerusalem Post. Då han kjøpte opp den avisa sparka han redaksjonen og tilsette folk som delte meiningane hans. Han er sionist på høgrefløyen og ein trongsynt støttespelar for tanken om at jødane er overlegne.

I USA er det fleire av desse enn du greier telja. Men tillat meg å nemna Mortimer Zuckerman, mediemagnat og for tida leiar for Konferansen for presidentar i amerikanske jødiske organisasjonar - storebror for alle jødiske grupper i Amerika. Han er ein av dei rikaste menn i Amerika, han tente ein formue på spekulasjonar i eigedomsmarknaden og eig det tredje største "seriøse" amerikanske vekemagasinet, US News og World Report. Han eig også den populære pleibeitabloiden The Daily News - ein av dei største på marknaden i New York og New Jersey. Stort sett er avisane hans talsmenn for at dei brutale marknadskreftene skal få styra. Det er berre eitt unntak, dei er tilhengarar av generøse årlege subsidiar til Israel frå amerikanske skattebetalarar. To ex-statsministre i Israel, Netanyahu frå det krigshissande Likud og Barak frå det såvidt mindre haukeaktige Arbeidarpartiet støtta Zuckerman då han stilte som leiarkandidat for konferansen av presidentar for viktige jødiske organisasjonar. På denne sida av Ku Klux Klan er denne paraplyorganisasjonen av 52 leiarar for amerikanske, jødiske organisasjonar den mest fordomsfulle forsamlinga i amerikansk politikk. Haaretz kunne nyleg melda om at Mortimer Zuckerman hadde skilt seg frå si shiksakone for å få det ærefulle vervet. Så lenge han var gift med ei ikkje-jødisk kvinne kunne kollegene hans - jødiske milliardærar - ikkje lita på han. Denne mannen er ein av dei mest sentrale mediaeigarane i USA.

På motsett side av kloden, i Russland, er TV-stasjonar og avisar også eigd av israelske borgarar. Ein av dei, Vladimir Gusinsky, vart tvinga til å kvitta seg med TV-stasjonen sin. Men hans ekstremt pro-Israelske redaksjon vart raskt tilsett av ein annan kanal eigd av ein annan israelsk borgar, herr Chernoi. I 1985 var Chernoi bankfunksjonær og levde av 100 dollar i månaden. I dag er han god for 5 mrd. dollar, eig stort sett alle aluminiumsfabrikkar i Russland og bur i ein fin forstad til Tel Aviv. For tida er han under etterforsking for 34 drap, pengekvitvasking og medlemsskap i den russiske mafiaen. Nyleg vart han sitert på at "media er ikkje forretningar, media er politikk og innverknad". Han brukar sitt eige mediaimperium til å få all kritikk av Israel i Russland til å stilna.

Eg snakka nyleg med ein ung russisk militærattaché i ein av dei vestlege hovudstadene. Han fortalde meg: Situasjonen i Israel liknar på vår, men vi har Tsjetsjenia hundrevis av mil unna, medan de har det rett utanfor døra. Eg spurde han: Seier du at tsjetsjenarane ikkje har røysterett? Han vart forundra. Han visste ikkje at palestinarane ikkje har røysterett. Mediene til Cusinsky, Chernoi og Berezovsky - det er dei tre mektigaste mediemagnatane, alle israelske statsborgarar - hadde vore nøye med å dyrka kunnskapsløysa hans.

Du ser det same sjølv i Sverige, som tradisjonelt har støtta palestinarane. Etter at store aviser vart kjøpt av jødiske entreprenørar har dekninga av Palestina vorte meir einsidig. Eg veit ikkje om dei nye eigarane måtte be særskilt om det, eller om sjefredaktørane berre gjetta kva ynskja deira var, men resultatet vart det same.

Denne internasjonale gruppa av jødiske mediemagnatar, frå Washington til Moskva, let seg ikkje diktera av israelske interesser. Men støtte til Israel er ein del av deira dagsorden. På toppen av lista står globalisering og nyliberalisme; det dei kallar "fridom for marknadskreftene". Når det gjeld politiske spørsmål har dei ein tendens til å ha mistru til demokrati og personleg fridom medan dei konstant krev større fridom for dei store selskapa.

Gjensidig støtte står også høgt på prioriteringslista deira. Då Gusinsky vart etterforska for underslag av fond, hadde New York Times og Washington Post, det vil seia Mrs. Kathryn Graham og Mr. Sultzberger, samstundes omlag likelydande hovudoppslag og leiarartiklar til støtte for "dei uavhengige russiske media". "Uavhengig" ser ut til å vera eit kodeord for "jødisk-eigd".

Dette burde vekka ettertanke. Då ein egyptisk forretningsmann kjøpte Harrods i London, vart det ein avisstorm. Overskriftene lyste: "Vår nasjonale arv blir selt til utlendigar". I Israel tillet ein ikkje at utlendingar eig aviser. Det var ein rik russisk jøde, Gregory Lerner, som freista kjøpa ei avis i Israel. Han vart sendt i fengsel i seks år for ulike slag mafiatilknytt kriminalitet. Før han byrja kjøpa opp avisar var det ingen som brydde seg om dette. Ein irakisk jøde kjøpte ein avis, og sat kort tid etterpå i fengsel. Dette er er ikkje underleg: Media er ikkje forretningar, det er nervesystemet i eit land.

Etter mi meining er tilfellet Palestina mykje viktigare europearar og amerikanarar, enn berre nok ei sak om urett. For gjennom dekninga ser ein korleis denne internasjonale gruppa av jødiske mediemagnatar har vorte litt for mektig. Mi røynsle er at jødiske journalistar kan vera lika objektive som andre. Faktisk står jødiske journalistar for noko av det beste når det gjeld Palestina, frå Susanne Goldberg i the Guardian til Gideon Levy i Haaretz. Men det er enklare å få ein kamel gjennom nålauget enn det er å finna ein objektiv mediemagnat. Dette problemet kan truleg løysast utan å ekspropriera media frå dei private eigarane. Men då må media handsamast på same måte som verdfulle vasskjelder og andre grunnleggjande offentlege ressursar. Om vi ikkje då ynkjer å sleppa tak i desse avisene og la dei søkka ned i dei sølete holene til den etniske pressa, og byggja opp eit fritt pressenettverk frå grunnen av.

   
   
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 


 

Home  English Articles  French Articles  Hungarian Articles  Italian Articles  Norwegian Articles  Polish Articles  Russian Articles  Spanish Articles  Friends and Foes  Talmud Translated  Discussion Board  Feedback  Picture Gallery  Search  Donations  Site Map

Send web related mail to webmaster@israel.net   and send mail with questions or comments about this web site to info@israelshamir.net

 Last modified: November 23, 2002