Jomfruer
og krigarar
Det er
ikkje spesielt morosamt å vera muslim i vesten for tida. Sjølv om du
berre blir tatt for å vera muslim. Eg kjente det på mitt eige skinn då
eg flaug til USA. Sidan eg er ein mann frå middelhavsområdet med stor
bart, vart eg spurt av tollfunksjonæren om eg las mykje i Koranen. Eit
tyggegummipapir med ein teikneserie på vart teke for å vera ein
instruksjon om å be ombord på flyet, kan henda påkalla Allahu Akbar og
gå til åtak på mannskapet. ”De har ikkje noko godt i sinne”, konkluderte
han. Eg vart halde igjen. Våre palestinske brør og me israelarar ser
nokså like ut, eg har ofte vorte tatt for å vera palestinar av båe
sider. Men eg hadde ikkje trudd at den amerikanske passkontrollen skulle
fungera som det israelske grensepolitiet.
Skal
eg berre seia ”eg er ikkje muslim” kom det for meg. Men det kjentes
ikkje rett. I 1940, i det okkuperte Danmark, gav tyskarane ordre om at
alle jødar skulle bera den gule davidsstjerna. Den danske kongen bar ei
slik stjerne som teikn på solidaritet med sine jødiske undersåttar.
Skulle eg svikta i denne testen på vanleg menneskeleg fellesskap og
proklamere min ikkje-muslimske kosherbakgrunn? Det kjentes som å ofra
ein muslim i min stad. Eg freista med eit kompromiss: ”Eg les ikkje ofte
i Koranen”, sa eg. Tolloffiseren Gomez, ein stor, mørk mann, skifta
ikkje meining. ”Men du les Koranen?” ”No og då” freista eg igjen.
Dette
unnfallande svaret førte til at han vart sikker på at han hadde
gjennomskoda meg. Eg vart kroppsvisitert, skjellt ut, kvar einaste ting
i bagasjen min vart sjekka og dobbeltsjekka.
Den
personlege fornærminga gjorde ikkje så mykje. I Tolstoys ”Krig og fred”
avviste ein fransk soldat i det okkuperte Moskva den russiske
adelsmannen Pierre Bezuchov. ”Soldaten stogga mi udøydelege sjel”,
tenkte Bezuchov og lo. Frans av Assisi fann enno større glede i å bli
nekta å få koma inn i eit kloster ein mørk, regnfull kveld. ”Litt
audmykjing er godt for sjela”, forklarte han kameraten St Bernhard.
Det
var meir uroande å sjå islam som den tiltalte i jødisk-amerikansk
kultur. I amerikanske avisar og på internet er hemngjerrige teologiske
debattar igjen på moten etter hundre års pause – like subtile som nokon
gong. Sjølv gode vener av muslimar har byrja å tvila etter at den
kraftige hjernevaskemaskina byrja produsera sitt hatefulle produkt.
Islam blir skulda for å vera trua på Jihad, den permanente krigen mot
vantru. Islam blir skulda for intoleranse og vondskap, for å vera det
teologiske fundamentet for terrorisme. Og skuldingane gjeld ikkje berre
politiske usemjer.
Dei
halvalfabetiserte krossfararane på ellevehundretalet skulda muslimane
for å ha orgiar framfor heilagdomen sin, Baphomet (truleg eit
misforstått namn på profeten). Det siste frontalåtaket på Islam i det
amerikanske offentlege rommet har også seksuelle overtonar. Apellar om å
bomba Afghanistan, Irak, Syria og Palestina flatt inneheld vanlegvis
fordøming av profeten sine seksuelle preferansar og lause påstandar om
at muslimar mishandlar sine kvinner.
II
Kjærleiken mellom profeten og hans yngste kone, Aisha, fører til mykje
otte i Amerika nesten femti år etter at den amerikanske høgsteretten
fjerna forbodet mot Vladimir Nabokovs lovsong til kjærleiken til
mindreårige, Lolita. For anklagarane har det ikkje noko å seia at
Muhammed, fred vere med han, var forelska i jenta, og ho i han. Dei veit
betre kva som er godt for alle. Om profeten hadde valt ein gut på Aishas
alder kunne vel frykten for å stå fram som homofob dempa slaga litt. Men
profeten var ein mann med katolsk smak.
Som
middels lærd i Talmud frå Jaffa, vil eg reisa meg til profetens forsvar
i namnet til våre jødiske tradisjonar. Langt frå å vera ein syndar,
handla Muhammed (fred vere med han) i samsvar med ånda og bokstaven i
vår heilage tru. Den bibelske Jacob vart forelska i Rakel, 7, og vart
far til ei rekke av helgenar inkludert Maria, mor til Kristus.
Talmud
fastset den lovlege alderen for giftemål for jenter til tre år og ein
dag. I Talmud finn vi ein dialog som er Boccacio verdig, og som skriv
seg frå Seforis i Galilea. Den romerske prinsessa Justine, dotter til
keisaren Sever Antonson, spurde rabbi prins Juda, den største andelege
og juridiske autoriteten for jødar i etterbibelsk tid, kva som var
lovleg alder for giftarmål og sambuarskap.
-Tre
år og ein dag, svarte rabbien.
-Kva
er alderen for å bli med barn, spurde prinsessa?
- Ni
år, svarte han.
- Eg
vart gift seks år gamal, og fødde barn som sjuåring, tenkte ho høgt med
anger i røysta, - så eg kasta bort tre strålande år av mitt unge liv!
Muhammeds kone, Aisha, kasta bort seks år av sitt unge liv, sidan ho
gifta seg fyrst som niåring. Slik synte profeten sin store visdom, også
det heilt i samsvar med vår jødiske lærdom. Dei heilage rabbiane tillot
tidleg giftarmål, men dei var ikkje heilt sikre på at tre års gamle
jenter var tilstrekkeleg mogne. Difor lærde dei: Proselyttar og pedofile
dreg ut tida til Messias og det himmelske kongedømet kjem.
Kven
er dei pedofile i denne samanhengen, spurde Talmud. Dei er personar som
handlar tvilsamt, men likevel innanfor lova. Det er såleis ikkje tale om
sodomittar (sidan dei fortener dauden ved steining) eller onanistar (som
bør druknast). Det er dei som giftar seg med jenter før den fruktbare
alderen på ni. Slik er profeten heva over mistanke etter jødisk lov.
Men
han hadde jo ein del koner, held anklagarane fram. Vel, den jødiske lova
tillet oss å ha så mange koner som vi kan få tak i. I dag må ein muslim
avgrensa seg til fire koner i denne verda, medan me jødar ikkje har
slike restriksjonar.
Den
visstnok barbariske muslimske skikken med at kvinner skal bera slør og
halda seg borte frå ein framand sitt svoltne blikk uroar anklagarane.
Ein uinformert lesar av Washington Post kunne tru at USA gjekk til åtak
på Afghanistan for å bomba vekk sløret. Som den første frukta av
amerikansk siger i Afghanistan synte CNN sal av porno i vakre Kabul.
Nok
ein gong står jødisk lov på talibans side. Ein av vismennene i Talmud,
rabbi Isaac, lærde: Om du ser på veslefingeren til ei kvinne, er det som
du såg på det-du-veit! Rabbi Hisda sa trist at ein kvinnelegg ogso er
litt av ei freisting. Rabbi Sheshet overbaud han, og minna om at håret
til ei kvinne også er ei seksuell freisting. Det er difor rettruande
jødiske kvinner løyner håret. Og meisteren av eit dygdsmønster, Samuel,
baud over dei alle då han sa at røysta til ei kvinne er ei seksuell
freisting, sidan den heilage skrifta seier at ”søt er røysta di”.
Konklusjonen på ordskiftet vart regelen kvod bat ha-melech pnima, som
tyder at gode jødiske kvinner skal halda seg innandørs.
III
Fiendar av islam ville aldri tore å gå til åtak på vår jødiske tru sjølv
om alt det dei seier dei misliker i islam kan finnast att i jødedomen.
Det gjeld ikkje berre i seksuelle spørsmål. Jihad er berre ei arabisk
omsetjing av den jødiske milhemet mitzva, den påbodne krig. Men under
jihad har ein ikkje lov til å drepa sivile, medan ein i milhemet mitzvah
er forplikta til å gjera det. Berre slå opp i Mosebøkene og du finn det
der utan å anstrenga deg. Bodberaren, fred vere med han, mildna
bodskapen.
Om du
synest islam er intolerant, la meg sitera frå ei historie skriven av
”den perfekte vismannen og framifrå medisinske doktoren R. Samuel Sholem
i Konstantinopel, hovudstaden til den store kongen, vår herskar, den
mektige Sultan Suleiman” om rabbi Gaon Isaac Campanton (d 1463), øvste
rabbi i det kastillianske samfunnet, det mest opplyste jødiske samfunnet
nokon gong. Han skriv: ”Den store rabbien, den ærefulle R. Isaac
Campanton brente rabbi Samuel Sarsa på ein påle. Eingong rabbiane samla
seg for å kunngjera ein giftemålskontrakt las dei ”det og det året etter
skapinga av verda”. Rabbi Sarsa la handa på skjegget sitt og mumla noko
om at verda hadde eksistert evig. Då reiste rabbi Campanton seg og
proklamerte: ”Kvifor er ikkje buska blitt oske? La buska brenna!” Dei
dømde han til dauden på bålet avdi han fornekta skapinga av verda for
5000 år sidan, og brente han på pålen.”
Om du
trur islam er årsaken til muslimsk terrorisme, er vel jødedomen årsaken
til jødisk terrorisme. Til no har muslimane lukkast med attentat på ein
israelsk minister. Då jødane dreiv privat verksemd (utan nokon stat) i
terror, drap dei helgenaktige forfedrane mine to russiske tsarar og ein
heil hop med ministrar, ambassadørar og statsmenn frå Storbritannia,
Tyskland, Sverige Russland og arabiske land. Sjølv ikkje i dag har nokon
kome i nærleiken av dei standarane for terror som jødane sette, og som
byrg jøde nektar eg både muslimar og alle andre denne æra.
I USA
kan ikkje jødar gjera noko gale, og alle som trur noko anna er
antisemittar. Ved å prova det jødiske opphavet til dei påståtte
skavankane til islam, har eg såleis prova at alle islamhatarane er
antisemittar og truleg skap-Holocaustfornektarar. Alle som tvilar kan
slå opp i Washington Post 27 november. Underleiaren til ex-CIAsjefen
James Woolsey syner fram eit klårgjerande bilete av den bestialske og
demoniske semitt, ein mørkhuda villmann med store lepper. Naziavisa Der
Sturmer ville likt dette. I Woolsey sin artikkel med det
Orwellinspirerte namnet ”Objektivt demokrati” krev han at ein ”tar ut
det irakiske luftforsvaret og råkar dei irakiske bakkestyrkane, slik ein
gjorde i Afghanistan.”
Den
store russiske dramatikaren Anton Tsjekov (han med måsen) forklarte lova
for sceneeffekter: Om det heng eit skytevåpen på veggen i fyrste akt,
vil det gå av i tredje akt. Livet minner om teateret, eller som
Shakespeare sa: Denne verda er berre ei stor scene. Det antisemittiske
skytevåpenet gjekk av som venta, men ikkje mot dei verkelege semittane,
arabarane. Paradoksalt nok er det mellom dei nye antisemittane mange med
jødiske namn, eller folk som er kjende for å støtta jødane. Korleis kan
dette ha seg?
Det
fører oss tilbake til ordtaka til våre gamle vismenn, om pedofile og
proselyttar. Jødisk tru er ekstremt mistenksam til proselyttar. Dei er
som skabb på Israels hovud, lærde rabbi Helbo, og moderne røynsler
stadfester den lærde meininga hans. Jødedom er for komplisert til å
kunne lærast i mogen alder. Folk som var fødde og oppdregne som
religiøse jødar vart vande med å vera det utvalde folket, men nyomvende
blir svimle av tanken.
Det er
slett ikkje så rart. Den verkelege engelske aristokraten Tony Benn stør
rettane til vanlege folk, medan den nyslåtte oppkomlingen Conrad Black
stør undertrykkinga av både europearar og muslimar i sine talrike
avisar. Nokre av dei verste rasistane i Hebron, denne frontlina for
israelsk apartheid, er faktisk proselyttar som tok nokre fårlege
bibelske idear litt for bokstaveleg. Berre sjå på den omvendte
amerikanske heidningen og nazisten som tok namnet Eli Hazeev (ulven) som
vart drepen av palestinske geriljasoldatar. Eller for den del
plageånden i cyberrommet, Dr Andrew Mathis som konverterte og byrja
forsvara sin versjon av jødedom på ulike internettstader.
Ein
lesar sende meg eit urovekkande brev: ”Søstra mi konverterte til jødedom
for nokre år sidan (sjølv om me var kvite, anglosaksiske protestantar)
og har no gått over grensa. I går kveld då eg ba henne stogga
niggerisering av arabarar lenge nok til å nemna berre eitt døme – kva
tid som helst i historia – då Israel gjorde noko gale (eg peikte på at
fred er umogleg når ein av partane meiner dei sjølve er totalt
plettfrie, medan motsett sida tek feil i alt). Det beste ho kunne koma
på var ”utilsikta skadeverk” – utilsikta bombing av sivile når ein
eigentleg meinte å ta eit legitimt mål. Syster mi er nokså aktiv i det
jødiske samfunnet i St. Louis, og kan henda i posisjon til å gjera ein
god del skade på dei sjansane som måtte vera for fred i verda.”
Jo,
rabbi Helbo hadde gode grunnar til sin skepsis. Verkelege jødar visste
at dei budde i ei verkeleg verd, og spara fantasiane sine til sabbaten.
Dei var audmjuke, studerte Talmud og freista ikkje finna moderne
parallellar til amalekittane eller den raude kviga. Dei freista heller
ikkje å gjenerobra det heilage landet med makt eller tjuveri, eller
preika hat mot heidningane. Dei visste at desse ideane skulle bli lagt
urørte til sides som dei gøymde filane i Windows operativsystem. Dei er
der av historiske grunnar og ein skal ikkje tukla med dei. Nyomvende
manglar denne audmjuke haldninga.
Det er
ikkje eit spørsmål om rase: Nyomvende, anten dei er jødiske eller
heidningar av opphav, er like blinde for fornuft. Det er difor
entusiastiske nykonservative i USA, heidenske ”Israel først”-folk som
Jeanne Kirkpatrick og sekulære jødar som den vemmelege Podgoretz,
læremeisteren hennar, ustoppeleg pressar på for å øydeleggja den
islamske verda og forgifta medvitet til amerikanarane.
Islam
er ein form for kristendom som står jødane særleg nært. Medan den
austlege ortodokse kyrkja var prega av gresk kultur, og den katolske av
den romerske verda, tok islam dei kristne ideane tilbake til det
semittiske miljøet. Profeten – fred vere med han – heldt fast ved den
jødiske tanken om streng monoteisme, frykt for avbildningar og ei
haldning der kvinner skulle vernast. Han heldt på dette samstundes som
han overtok den universelle bodskapen til Kristus og apostlane hans. Dei
feige fiendane til islam baktalar dette, avdi dei er redde for den
ukuelege anden til islam, motet til dei muslimske krigarane og den
upletta dygda til dei muslimske kvinnene.