Eventyrlandet
Dei
bratte bakkane opp frå Wadi Keziv i Vest-Gallilea er kransa av krokete
eiker og tornebuskar. Ved breidda av bekken ser oleander og sypress ned
i dei små kulpane nedanfor kjeldene. Eg liker dette uforstyrra juvet. På
varme sumardagar kan ein gøyma seg i ei djup hole og slappa av i det
klåre, kalde vatnet, venta på hjort og vona på ei nymfe. På kjøligare
dagar kan du klatra opp den bratte kollen som reiser seg midt i kløfta.
Den heiter Qurain - Hornet - på arabisk, av det kjem det arabiske namnet
på Wadi Keziv, Wadi Qurain. Over toppen på kollen ligg krossfararborga
Monfort og ser mot det fjerne Middelhavet.
Denne staden gøymer mange minne. Ellevehundretalets sionistar - dei
tautonske riddarane av St Maria - forsterka borga på kollen, og kalla
han Starkenberg; det sterke fjellet. Namnet og den avsides plasseringa
hjelpte ikkje: Dei vart slegne av Salah ad-Din, det arabiske førebiletet
på mot og omtanke. Han lét dei reisa attende til aust-Europa med våpna
og æra intakt.
Den steinete stigen til kjelda var møtestaden til dei flotte folka i "Arabesker",
ein vidunderleg roman av den palestinske forfattaren Anton Shammas.
Shammas, ein innfødd frå Fassuta rett ved, er truleg den einaste
ikkje-jøden i verda som skriv sine bøker og dikt på israelsk hebraisk.
Lenger vest renn Kezivbekken ut i sjøen ved ruinane av az-Ziv, den
kristne landsbyen som jødane øydela i 1948. I denne landsbyen møtte ei
palestinsk jente ei anna palestinsk kvinne frå området - jomfru Maria -
på tjugetalet. Med andre ord ein typisk stad i det uvanlege landet
Palestina.
No for tida kan du rusla rundt i juvet heilt åleine. Det er like tomt
for folk som bygdene her elles. Landet Palestina er i fåre, den største
fåren sidan den svarte tida i 1948. Folk vågar seg ikkje ned her lenger,
og overlèt kløfta til det magre, sterke villsvinet. Medan eg gjekk
nedover langs bekken såg eg nokre få av desse grasiøse dyra, så ulike
sine tamme slektningar. Det var fyrst ute av kløfta, på Acresletta, at
eg møtte menneske. Der arbeidde nokre thailendske og kinesiske bønder på
åkrane til den lokale kibbutzen. Ein middelaldrande kibbutznik sat i
skuggen og såg på medan dei arbeidde. Eg sette meg ved sida hans for ein
røyk og ein slurk med kaldt vatn.
Han såg ut som biletet av den gode israelar, solbrend med eit venleg
smil og buskete bartar, og snakka rett frå levra. For femti år sidan
ville han, eller snarare forgjengaren hans, ha vore soldat i dei jødiske
stormtroppane. Dei ville erobra landet kring az-Ziv og jaga bøndene her
til Libanon. For tretti år sidan ville han ha dyrka den stolne jorda med
eigne hender. No sit han og ser på medan thailendarane dyrkar denne
jorda. Han fortalde meg at han snart skulle til New York for å vitja
sonen sin, som er webdesignar. Medan han er borte vil han leiga nokre
russarar frå byen Maalot for å fylgja med dei asiatiske landarbeidarane
for kibbutzen. Det er ikkje mange jødar som er interesserte i å arbeida
med jorda, ikkje eingong i å sjå etter thailendarane, sa han. Kibbutzen
vonar på å få byggjeløyve slik at dei kan byggja hus og selja. Det er
verdfulle tomter, nær Naharya og Acre, og dei vil få god pris trass
krisa, meinte han.
Eg tok han i handa og sa farvel, til han, til dei sveitte tailendarane,
til dei grøne engene og til dei libanesiske fjella i nord som stengjer
utsikta til flyktningeleirane der dei opphavlege innbyggjarane i az-Ziv
bur. Eg sa farvel til fjella i Galilea i aust, der den russiske byen
Maalot ligg. Eg haika til Nahariya, og derfrå tok eg toget heim til
Jaffa. På toget var det nokre få afrikanarar, truleg ulovlege
immigrantar dømt ut frå den sky framferda deira. Eit rumensk arbeidslag
av bygningsarbeidarar drakk øl og rapa høgt. Dei var importert frå sitt
utarma austeuropeiske heimland for å byggja hus til eldre russiske
immigrantar. Nett som i California ynskjer ikkje israelske jødar å
arbeida i bygningsbransjen.
Ein israelsk, jødisk advokat i svart dress bladde gjennom papir i den
halvopne stresskofferten sin. Ein blond, væpna israelsk soldat snakka
ukrainsk med frikativ H til den lubne kjærasten sin. Han la ut om sin
heroiske kamp mot mengder av arabiske terroristar framfor dei tilbedande
augo hennar. Ei gruppe med marokkanarar diskuterte stengjinga av
stålverket i Acre og dei dårlege utsiktene til å finna anna arbeid.
Krisa blir verre og verre, sa ein av dei. Det er like ille som i 1966.
Toget rulla gjennom Haifa, og eg tenkte på dei hundretusen, kanskje
millionar av amerikanarar, jødiske og kristne sionistar, som driv lobby,
bed, støttar og betalar - nei, ikkje for den jødiske staten bygt på
ruinane av Palestina, slik dei trur. Det ville vore ille nok. Men røynda
er verre. Eg tenkte på millionane av palestinarar som rotnar i
flyktningeleirar og fengsel, frårana eigedomen sin, utvist, - ikkje
offer for jødisk hunger etter land, slik dei trur, men for noko verre:
For eit spøkjelse.
Den jødiske staten er eit eventyrland som raskt misser det som måtte
vera att av samband med røyndomen. Dette spøkjelset av ein stat drep
folk og samlar inn pengar i Amerika; han held fram eit slags
skuggetilvære, slik som det juridiske omgrepet "dødsbuet". Jorda blir
dyrka av importerte gjestearbeidarar som blir passa på av importerte
russarar og etioparar, og det heile blir forklart og forsvart av
israelske professorar som er borte for godt for å førelesa på
amerikanske universitet, og tapre generalar på jakt etter tungt skyts
frå amerikanske våpensmier. Arbeidsløysa veks kvar dag, grunnleggjande
tenester streikar, turistindustrien har kollapsa for mange månader sidan.
Hotella står tome og andre greiner av nasjonaløkonomien er nær samanbrot.
Israelarar kjøper seg husvære i Florida og Praha, medan hus i Israel
tiggar etter kjøparar. Sharons ynskje om å straffa palestinarane verkar
som å straffa si venstre hand. Palestinarar og israelarar er vovne saman,
og delinga drep økonomien til båe.
Frå det fjerne Amerika ser Israel ut som ei kjempe, ein atomstat, USAs
store allierte. Det er ein jødisk stat som er kjelde til byrgskap for
amerikanske jødar. Gjester reiser frå våre kyster med eit sterkt
inntrykk av identitetskjensla og velstanden vår. Berre vi som bur her
fast veit at det er ein pappfasade. Israel kollapsar, dei aktive
borgarane forlet landet fortvila, medan generalane gjer øydeleggjinga av
landet komplett. Ein stygg lagnad råkar dei innfødde palestinarane: Eit
spøkjelse drep dei, ein åndlaus skapning som vandrar gjennom korridorane
i Kongressen og ørkenen i Midtausten i zombie-aktig transe.
For desse framtidsutsiktene skviser leiande amerikanske jødar kvar penny
ut av sine tilsette og landsmenn, kuttar pensjonar til gamle og hjelp
til born, kuttar helsetenester og utdanningsbudsjett, turkar ut hjelpa
til Afrika og Latinamerika, byggjer utolelege koalisjonar med notoriske
rasistar av Pat Robertson og Jerry Falwells type, krev øydeleggjing av
Irak, velsignar bombinga av afghanske flyktningar, stengjer afro-amerikanarane
inne i ghettoane sine, underminerer vertssamfunnet sitt og skaper
fiendar for seg sjølve og Amerika. Desse gjerningane ville vore
forkastelege jamvel om ein oppnådde noko av verdi for ein eller annan,
men dei er verre avdi dei er nyttelause.
I praksis har det sionistiske eksperimentet brote saman. Det kan
framleis eksistera nokre år med livreddande hjelp, som ein hjernedaud
grønsak. Det kan drepa folk, kanskje til og med byrja den neste
verdskrigen. Men det kan ikkje bli levande.
Den jødiske staten Israel er ein sinnstilstand, eit eventyr skapt av det
amerikanske, jødiske sjelslivet. Otten og vanskane han gjev røyst til er
amerikansk-jødiske problem. For israelske "jødar" er det ikkje bruk for
segregasjon, krig eller undertrykking av dei innfødde. Vi et ikkje
ringbrød med lox, snakkar ikkje jiddish, les ikkje Saul Bellow eller
Sholom Aleichem, og vi unngår synagogar. Vi vil heller ha arabisk mat og
gresk musikk. I nabolaget mitt er det sju griseslaktarar for kvar
kosher. Førti prosent av bryllaupa i Tel Aviv skjer utanfor det jødiske
ritualet - unge israelarar fer heller til Kypros for å gifta seg, berre
for å unngå rabbiane. Tel Aviv er homsehovudstaden i midtausten, jamvel
om homofili etter jødisk lov skal utryddast.
Om ikkje amerikanske jødar hadde korrumpert israelarane so mykje, ville
vi berre gløymt diasporaen og smelta inn i det gjestfrie Midtausten. Om
dei held fram med å finansiera oss, er vi nøydde til å syna dei litt
jødiske seder og skikkar.
Vi er meistrar i å selja illusjonar, og so lenge det er kjøparar skal vi
skaffa varene. I 1946 kom ei gruppe rettskafne menn frå heile verda til
Palestina på FN-oppdrag. Dei vart sende for å førebu delinga av landet.
Ein av dei mange stadene dei vitja var den sørlegaste kibbutzen, Revivim
i det turre Negev. Der såg dei eit vidunderleg blomebed med roser,
anemoner og fiolar framfor kibbutzkontoret. I rapporten sin uttrykte
medlemmene av delegasjonen undrarnde: "Jødane får ørkenen til å bløma,
la dei få Negev."
Då dei reiste, kom ungane i kibbutzen ut og tok dei alt døyande blomane
ut av sanden. Dei hadde kjøpt blomane den same morgonen på
Jaffamarknaden og planta dei som kulisser medan gjestene var der. For
dette vesle kontantutlegget vart Negev med sine to hundre tusen
palestinarar ein del av den jødiske staten. Mesteparten av innbyggjarane
vart utvist over dei nyteikna grensene til flyktningeleirar i Gaza eller
Jordan. Det var stygt gjort og nyttelaust: Jamvel i dag, femti år etter,
har Negev sør for Beersheba færre innbyggjarar enn i 1948.
For å få tak i folk til dei avfolka områda, terroriserte og øydela
Mossad dei jødiske samfunna i Nord-Afrika. Jødane vart skyssa inn,
spraya med DDT-lusedrepar og plasserte i flyktningeleirar som snart vart
til byane Netivot, Dimona og Yerucham. Dei er framleis der, i dei stygge
ørkenutpostane prega av arbeidsløyse og elende, der dei lever av
sosialhjelp og nærer ei djup forakt for Ashkenazijødane som sit på
kafeane i Tel Aviv. Det er kanskje einaste staden på kloden der du får
slengt etter deg at "det er synd du ikkje vart brent i Auschwitz".
Dei magiske triksa: Revivim, erobringa av Negev, utvisinga av
palestinarane og øydeleggjinga av det marokkanske, jødiske samfunnet
fungerte såleis kvar for seg, men mislukkast likevel til slutt. Det var
som ein kunne venta: Vonde og umoralske handlingar kan ikkje bera god
frukt. Sionistiske leiarar drøymde om å gjera Palestina like jødisk som
England er engelsk. Dei mislukkast: Palestina er like jødisk som Jamaica
er engelsk.
Landet Palestina blir øydelagt no framfor augo våre. Dei vakre gamle
landsbyane blir bomba til grus, kyrkjene blir tømde for sine kyrkjelydar,
oliventrea rykte opp med røtene. Slik øydeleggjing har ikkje skjedd her
sidan den assyriske invasjonen for 2700 år sidan. Inga trøyst vil kunna
gjera godt denne enorme øydeleggjinga, og dei som er ansvarlege for
dette - anten det er israelske drapsmenn eller deira amerikanske,
jødiske støttespelarar - vil bli evig fordømde.
Likevel vil ein sær, historisk ironi bli att som ein fotnote i bøkene:
Dei jødiske leiarane gjorde desse brotsverka til inga nytte, og fekk
ikkje noko att for dei. Om så den siste palestinaren skulle bli
krossfest på Golgata - sjølv det ville ikkje blåsa liv i det jødiske
eventyrlandet: Staten Israel.